mandag 31. august 2009

Omerett frå hagen



Tidi skrider ofsa fort, som vår gode ven Aasen skreiv det i diktet Sumardagen. Håpet om ein sumardag vert mindre og mindre. Me kler på oss, dreg med oss søle inn og tenkjer på veden me ikkje hev.


Noko mislukka matauk har det også blitt. Blåbæri skulde til pers ein regntung søndag, og kanskje ville me uforvarande snuble over gule kantarellar? Me kom over 5 blåbær, som alle vart fortærde på staden. Deretter kom me fort til at sopplukking med små born ikkje er i samsvar med lokale HMS-forskrifter. For sopp var det mykje av, rett nok ikkje kantarell. Men me identifiserte fleire røyksoppar, og då kan me gle oss til våren då me kan trampe på dei!


I hagen veks det framleis. Og me har klart å redde nokon av grønsakene frå sauene som stadig bryt seg over gjerdet. Skigarden har ikkje vara evig, og me berre ser på. Småkrøteri har teke for seg av purrelauken og bønene, og eg forstår dei godt. Men det er då att noko. Og i går tok eg inn årets fyrste eksemplar av purre. Saman med blå potet og tomat frå hagen (og litt feta frå glas) vart det godt i ein omelett. Kantarellane me ikkje fann, hadde nok også passa her. Skulle gjerne skryte av at omeletten er laga av egg frå eigne, verpande hønur, men det kan eg altså ikkje.
Ikkje minst vart det vakkert. Estetiske måltid er bra når dei dukkar opp, men det er ikkje alltid dugurden blir så veldig vakker. Klubb er f.eks. ikkje veldig vakkert, men ofsa godt. Her kunne nok ein matstylist gripe inn og gjort objektet enno vakrare, men det var no berre ein enkel kveldsomelett for kvardagsfolk. Men lokale urtur (ja, den Hulda, den Hulda! Ho lir av inkonsekvens i substantivbøyiingi) kunne me jo alltids unt oss.

Til slutt til den som etterlyser solbærhausten her i hagen, så kan eg fortelja at småkorpen ikkje hadde teke alt, og at eg til slutt fekk i hus nokre liter. Dei sylta eg med i forholdet 2:1, dvs 2 delar bær og 1 del sukker. Ei liti skei Certo vart også med. Det gav syrleg og passe tjukt syltety.
Hanna gler seg no til å dele sine gode hermetiseringstips med dykk alle!
Hulda helsar

lørdag 15. august 2009

Det hev regna på rips og rosur


Denne sumaren har vore særs regntung. I dag regnar det på ripsen, som skulle vore innteken for lenge sidan. Tidi for ripsgele er nok over for i år, då må jo ripsen som kjent vera lite mogen.
Men me kan jo juksa litt. Eg tykkjer det smakar ikkje verst av rørde rips, heller. I går prøvde me det ut, og smaken var upåklageleg. Husbonden hadde kjøpt kjemikaliar, og eg var nok litt rundhanda med Certo frysepulver. For det tok litt mykje av den syrlege smaken. Så i dag var planen å hente inn resten av ripsen for å røre i veg.

Eg blanda også litt rips i bringebæri, som kom køyrande frå Krøderen torsdag kveld. Det var eit godt selskap som også smakte oss godt.

Likevel vart det ein god haust for kirsebæri, og dei er no sylta og sett i hylla. Eg prøvde ut dette nye sukkeret frå danskane, syltesukker, som dei kallar det. Og det var slettes ikkje dumt, men her gjeld det å ikkje overdrive sukringi, for då vert syltetyet aldeles for stivt.
Og så var det solbæri, då. Den heng vel der ein dag eller to til.
Og så har me vaska golv i dag. Og kjøkendører. Og VC. Ikkje med same filla. Måtte berre seia det.
Hulda

fredag 7. august 2009

Hulda og Hanna svingar grytene og klutane

På denne bloggen vil Hanna og Hulda dele sin husmoderlege visdom med kven som helst! Vi skal svinge grytene og klutane på vårt meisterlege vis. "Man tager..." er vårt livsmotto!