Tidi skrider ofsa fort, som vår gode ven Aasen skreiv det i diktet Sumardagen. Håpet om ein sumardag vert mindre og mindre. Me kler på oss, dreg med oss søle inn og tenkjer på veden me ikkje hev.
Noko mislukka matauk har det også blitt. Blåbæri skulde til pers ein regntung søndag, og kanskje ville me uforvarande snuble over gule kantarellar? Me kom over 5 blåbær, som alle vart fortærde på staden. Deretter kom me fort til at sopplukking med små born ikkje er i samsvar med lokale HMS-forskrifter. For sopp var det mykje av, rett nok ikkje kantarell. Men me identifiserte fleire røyksoppar, og då kan me gle oss til våren då me kan trampe på dei!
I hagen veks det framleis. Og me har klart å redde nokon av grønsakene frå sauene som stadig bryt seg over gjerdet. Skigarden har ikkje vara evig, og me berre ser på. Småkrøteri har teke for seg av purrelauken og bønene, og eg forstår dei godt. Men det er då att noko. Og i går tok eg inn årets fyrste eksemplar av purre. Saman med blå potet og tomat frå hagen (og litt feta frå glas) vart det godt i ein omelett. Kantarellane me ikkje fann, hadde nok også passa her. Skulle gjerne skryte av at omeletten er laga av egg frå eigne, verpande hønur, men det kan eg altså ikkje.
Ikkje minst vart det vakkert. Estetiske måltid er bra når dei dukkar opp, men det er ikkje alltid dugurden blir så veldig vakker. Klubb er f.eks. ikkje veldig vakkert, men ofsa godt. Her kunne nok ein matstylist gripe inn og gjort objektet enno vakrare, men det var no berre ein enkel kveldsomelett for kvardagsfolk. Men lokale urtur (ja, den Hulda, den Hulda! Ho lir av inkonsekvens i substantivbøyiingi) kunne me jo alltids unt oss.
Til slutt til den som etterlyser solbærhausten her i hagen, så kan eg fortelja at småkorpen ikkje hadde teke alt, og at eg til slutt fekk i hus nokre liter. Dei sylta eg med i forholdet 2:1, dvs 2 delar bær og 1 del sukker. Ei liti skei Certo vart også med. Det gav syrleg og passe tjukt syltety.
Hanna gler seg no til å dele sine gode hermetiseringstips med dykk alle!
Hulda helsar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar